Hopp til innhold
X
Innhald

Hans Hagerup Krag

Hans Hagerup Krag (1829-1907), fødd i Grong, busett i Oslo. Vegdirektør og friluftspionér.

Vegingeniør frå 1852, frå 1874 til 1903 vegdirektør. Krag spela ein sentral rolle då Strynefjellsvegen vart bygt i 1894, og lanserte i 1896 planar for veg over Sognefjellet.

Saman med Thomas Heftye gjorde han opptaket til skiping av Den Norske Turistforening i 1868. Ei minnestøtte over Krag er reist på Voksenkollen ved Oslo.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.03.2008