Hopp til innhold
X
Innhald

Hans O. Vigdal

Hans O. Vigdal (1855-1903) frå Vigdal i Luster. Lærar, friluftsmann, bygdedokter og kulturminnesamlar.

Hans O. Vigdal (1855-1903) frå Vigdal i Luster. Lærar, friluftsmann, bygdedokter og kulturminnesamlar.

Tok lærarskulen i Balestrand og vart lærar på Austlandet, Sørlandet og i Årdal før han i 1885 vart lærar i heimbygda. Som lærar skal han ha vore ein av dei første i Sogn som innførte nynorsk i undervisninga.

I 1890 kjøpte han eit gamalt loft som han sette opp på stølen. Her budde han mykje om somrane. Dette «Vigdalsloftet» vart flytta til De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum på 1940-talet.

Vigdals-bautaen ved Dale kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vigdals-bautaen ved Dale kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fjellklatrar

Vigdal var ein ivrig fjellvandrar, og var i 1890 blant dei første som kom seg til toppen av Store Skagastølstind (Storen). «Vigdals Sva» opp mot Store Skagastølstind har fått namnet sitt etter fjellklatraren Hans Vigdal.

Naturmedisin

Gjennom sjølvstudium skaffa han seg store medisinske kunnskapar, m.a. om lekjande plantar, og vart etter kvart ein vide kjend naturmedisinar.

Minne etter Vigdal

Ei stove som han bygde på Vigdalsstølen, vert framleis nytta som hytte av Den Norske Turistforening. Ved stølen står også eit granfelt som han planta. På grava hans ved Dale kyrkje i Luster reiste Sogns Lærarlag ein stor minnebauta.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.03.2011