Hopp til innhold
X
Innhald

Helselag bygde aldersheim og sjukestove i Luster

Luster Omsorgssenter vart bygt med hjelp av pengar frå Årdal og Sunndal Verk.

Luster Omsorgssenter vart bygt med hjelp av pengar frå Årdal og Sunndal Verk.

Opptaket til gamleheim i Luster vart gjort alt i 1909. Folk gav pengar og bygningsmaterialar til heimen som vart reist i 1932. I 1934 vart ein Hvidsten distriktslege i Luster. Saman med kvinner i bygda fekk han stelt til to rom på gamleheimen. Romma vart i lang tid brukte som ei lokal sjukestove.

I 1950 vart sjukestova flytta over i den såkalla "Marta-stova" og driven av Luster Helselag som samla inn pengar til ombygging og drift. Her var Borghild Gifstad - søster Borghild - styrar i ein mannsalder fram til ho slutta på 1960-talet.

I samband med kraftutbygginga i Fortun ytte utbyggjaren Årdal og Sunndal Verk 150.000 kroner til bygging av ny aldersheim med sjukestove i Luster i 1963. Heile prosjektet gjekk i regi av dei lokale helselaga, og kommunen overtok drifta eitt år etter at den opna.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.04.2011