Hopp til innhold
X
Innhald

Helsestellet i Luster

Pasientar og tilsette på Lyster Sanatorium ein gong mellom 1910 og 1915. Frå 1902 til midt på 1950-talet kom tuberkulosepasientar hit. Seinare var det Harastølen psykiatrisk institusjon i om lag 30 år. Foto: Samson Brathole. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Pasientar og tilsette på Lyster Sanatorium ein gong mellom 1910 og 1915. Frå 1902 til midt på 1950-talet kom tuberkulosepasientar hit. Seinare var det Harastølen psykiatrisk institusjon i om lag 30 år. Foto: Samson Brathole. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Svartedauden la bygdene aude i Luster

Fleire bygder vart lagt aude under svartedauden, og frå denne tida stammar dei fleste «øydegardsnamn». Til Lustra-bygdene kom pesten hausten 1349, og her som elles reknar ein med at kring to tredeler av folket døydde ut.

Dette biletet er teke på Nygård der distriktslege Einar Paasche budde . Han står sjølv oppe til høgre. Foto: Johan Rumohr Døsen. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Dette biletet er teke på Nygård der distriktslege Einar Paasche budde . Han står sjølv oppe til høgre. Foto: Johan Rumohr Døsen. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Signeri og gamle lækjeråder

I 1663 vart Guri Ellingsdotter i Jostedalen tiltala for «signeri».

Bygdedokterar og kvakksalvarar i Luster

Før legetenesta vart skikkeleg utbygd med distriktslegar, måtte sjuke ofte ty til sjølvlærde bygdedokterar når dei skulle ha hjelp.

Hudkremproduksjon i Luster

Bonde Hans Bringe (1864-1941) tok kring 1900 til å lage ein spesiell hudkrem etter eiga oppskrift. Hovudingrediensane var harpiks og sprit, og produktet vart marknadsført under merket «Jotun hudsmurning».

Framlegg om lasarett på Flahamar

I Sogndal vart det bygt eit slags sjukehus i 1819. I 1838 drøfta fylkestinget nedlegging. Eit av framlegga til ny sjukehusstad kom frå Torgeir Nes i Luster, som gjorde framlegg om å byggje eit «lasarett» på Flahamar.

Eigen distriktslege i 1875

Eigen distriktslege i 1875

Då dei første distriktlegane vart tilsette i Sogn og Fjordane tidleg på 1800-talet, var det berre to legar – ein for Fjordane og delar av ytre Sogn, og ein for Sogn med kontorstad i Sogndal. I 1836 vart indre Sogn eige legedistrikt. I 1857 fekk amtet åtte legedistrikt. Eitt av dei dekte kommunane Sogndal, Hafslo, Luster og Jostedal. Distriktslegen fekk kontor i Marifjøra. Eit framlegg i fylkestinget i 1898 om ei meir finmaska oppdeling førde ikkje fram. Her vart det m.a. gjort framlegg om eigen lege for Luster og Jostedal kommunar og ein eigen lege for Hafslo kommune. Først i 1913 vart det to legedistrikt i noverande Luster kommune.

Helselag bygde aldersheim og sjukestove i Luster

Opptaket til gamleheim i Luster vart gjort alt i 1909. Folk gav pengar og bygningsmaterialar til heimen som vart reist i 1932.

Gamleheimen i Hafslo bygd av gåver

Hafslo Gamleheim vart bygd i 1939, men alt i åra kring 1914 hadde utvandra hafslobygger i Minneapolis og Butterfield samla inn store pengesummar til gamleheim i heimbygda.

Hafslo Omsorgssenter. Her er ein av dei tre sjukeheimane i Luster kommune. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hafslo Omsorgssenter. Her er ein av dei tre sjukeheimane i Luster kommune. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tre sjukeheimar

I 2010 har Luster tre sjukeheimar, Hafslo med 16 plassar, Gaupne med 24 plassar og Luster med 24 plassar.

Lyster Sanatorium - Harastølen

I fjellsida over Luster ruvar eit digert, gamalt mursteinsbygg. Hadde det vore i Mellom-Europa, kunne ein tru det var eit gamal borg eller eit alpehotell som klora seg fast der oppe. Men dette var ein gong eit av dei største spesialsjukehusa i landet - Lyster Sanatorium.

Strid om dei psykiatriske tenestene

På 1980-talet vart det konfliktar mellom grannekommunane Sogndal og Luster om lokalisering av dei psykiatriske behandlingstilboda i indre Sogn.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.04.2011