Hopp til innhold
X
Innhald

Henrik Nitter

Henrik Nitter (fødd ca. 1580-1632) frå Bergen, busett på Tandla i Gaupne frå 1618 til 1627, då han flytte tilbake til Bergen. Løyste borgarbrev i Bergen i 1607.

Samla seg store jordeigedomar i Sogn, og er stamfaren til Nitter-slekta som seinare m.a. vart handels- og gjestgjevarfolk i Solvorn og store jordeigarar i Fjaler i Sunnfjord.

Eldste sonen Henrik (fødd ca. 1652) vart rådmann og forvaltar av adelsmannen Daniel Bildt sine jordeigedomar i Sogn, og vart dessutan stor jordeigar sjølv. Det var sonen til denne Henrik, Christen Nitter, som i 1690 slo seg til som handelsmann og gjestgjevar i Solvorn, og som vart stamfar til slekta som seinare bygde opp Walaker Hotell.

Ein annan son til Henrik Nitter, Trude Nitter, vart stor jordeigar i Sogn. Ei dotter, Lussi, vart gift med den steinrike soknepresten Peder Jørgenson Finde i Førde.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.03.2008