Hopp til innhold
X
Innhald

Historier frå vandringar på Jostedalsbreen

Soldatane som gjekk seg vill skulle hit til Krundalen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Soldatane som gjekk seg vill skulle hit til Krundalen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Soldatar gjekk seg vill i skodda

Ei historie om nokre soldatar frå Olden som kryssa breen på veg heim frå krigsteneste ved svenskegrensa, skriv seg frå 1815. Soldatane skulle ta seg over breen frå Krundalen i Jostedalen, men gjekk seg vill i skodda, og gjekk tome for mat.

Først etter åtte dagar greidde dei å ta seg ned til folk i Oldedalen. Ein av soldatane var då så utsliten at dei andre måtte drage han etter seg ned frå breen.

Segna om Tjuveskaret

Nord for Krunbreen ligg eit fjellskar som kallast Tjuveskaret. Ei segn fortel om ei jente frå Olden som hadde arbeidd som tenestejente på ein gard i Krundalen i 12 år. Ho hadde lagt seg opp nokre pengar, og då ho avslutta tenesta og vende heim til Olden, vart ho forfylgd av ein røvar over breen. Men fanten nådde kvinna att nede i Kjenndalen og drap henne, og stal både pengar og alt ho elles bar med seg.

Overlevde fall på 35 meter

Overlevde fall på 35 meter

I 1969 var Christian Nielsen frå Bergen på veg ned mot Lodalsbreen etter oppdrag for Norges Vassdrags- og Elektrisitetsvesen (NVE). Nielsen fall ned i ein 35 meter djup bresprekk og vart hardt skada.

Mellom anna var beinbygningen i andletet delvis øydelagt, og han måtte riste auget på plass slik at han fekk sjå lyset øvst i sprekken der hjelpemannskap sende ned tau. Hardhausen overlevde, men måtte la sekken bli igjen i sprekken.

Men 27 år seinare, i 1996 dukka sekken opp att på Lodalsbreen. Både sekken og innhaldet er stilt ut på Breheimsenteret i Jostedalen.

Les meir om Jostedalsbreen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.03.2011