Hopp til innhold
X
Innhald

Hudkremproduksjon i Luster

Bonde Hans Bringe (1864-1941) tok kring 1900 til å lage ein spesiell hudkrem etter eiga oppskrift. Hovudingrediensane var harpiks og sprit, og produktet vart marknadsført under merket «Jotun hudsmurning».

På folkemunne vart hudkremen kalla «Bringebek» pga. den spesielle fargen og konsistensen: Boksen måtte nemleg varmast litt før hudkremen vart retteleg smørjevillig.

I marknadsføringa vart det reklamert med at Jotun hudsmurning kunne «hjelpe for alle hudprikkor». Kremen var spesielt populær mellom fiskarar med sprukken og sår hud på arbeidsnevane. Sonen Tomas Bringe heldt fram med produksjon av kremen fram til kring 1950.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.06.2008