Hopp til innhold
X
Innhald

Indre Hafslo Samyrkelag

Jakobhuset, som Indre Hafslo Samyrkelag overtok i 1956. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Jakobhuset, som Indre Hafslo Samyrkelag overtok i 1956. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Indre Hafslo Samyrkelag i Marifjøra vart skipa i 1947, og starta forretning i eit sjøhus som laget kjøpte frå Anders Eikum. Dette var eit hus som på folkemunne vart kalla «Kristi-stova» fordi ei Kristi Stølen skulle ha drive kafé og overnatting der.

Men pælane til sjøbua stod på ei leiregrunne, og bua halla meir og meir ut mot sjøen. Laget måtte flytte ut, og i 1956 overtok samyrkelaget forretningslokala som Jakob Feet hadde drive butikk i.

I 1967 vart Kristi-stova riven, og samyrkelaget bygde i staden ei lagerbu der. Seinare vart denne bygningen leigd ut til Felleskjøpet (Felleskjøpet Øst Vest), og seinare overteken av Jon Ingar Bukve.

I 1951 vart det starta filial på Lambhaug, der laget tok i bruk eige nybygg i 1958. I 1965 gjekk Indre Hafslo Samyrkelag inn i det nyskipa Sogn Samvirkelag. S-laget i Marifjøra vart lagt ned i 1982.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.03.2011