Hopp til innhold
X
Innhald

Industri og næring i Luster

Luster er ein av dei store kraftkommunane i landet og forsyner både industri og private med energi. Dette er Jostedal kraftverk.

Luster er ein av dei store kraftkommunane i landet og forsyner både industri og private med energi. Dette er Jostedal kraftverk.

Andre verksemder:

Fehandel og driftekarar

På 1700- og 1800-talet var det mange driftekarar i Jostedal, Luster og Hafslo som vart rike på fehandel til Austlandet. Les meir i artiklane Krøterdrifter over Jostedalsbreen og Sognefjellet og Drapet på driftekar Erik Høyheim

A.G. Behaim Eftf.

Fargeri og fargeproduksjon i Marifjøra vart starta av Andreas Beheim i 1872.

Ein av lastebilane til Th. Holene på Hafslo. Foto: Th. Holene.

Ein av lastebilane til Th. Holene på Hafslo. Foto: Th. Holene.

Th. Holene AS

Thoralf Holene starta som lastebilsjåfør heime i Valdres i 1936, og flytta verksemda til Hafslo i 1940.

Marheim & Raaum utstyrsforretning

Vart starta i 1948 i Marifjøra av N. Marheim og S. Raaum. Dette var ei spesialforretning som selde elektriske artiklar, kjøkenutstyr, sportsartiklar og jernvarer.

Fuhr fargehandel

Nils Fuhr dreiv i ein kort periode på 1950-talet ein fargehandel i Luster. Butikken låg like ved Luster Mekaniske verksted.

Hans Nes Bygg AS

Hans Nes starta som byggmeister i Hafslo på 1950-talet.

Hans Nes og Sønn

- sjå Hans Nes Bygg AS.

I mange av bygdene i Luster kommune er det gode vilkår for dyrking av frukt og bær, og det er grunnlaget for at Luster Frukt- og potetlager vart starta. Denne jordbæråkeren finn vi i Solvorn. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

I mange av bygdene i Luster kommune er det gode vilkår for dyrking av frukt og bær, og det er grunnlaget for at Luster Frukt- og potetlager vart starta. Denne jordbæråkeren finn vi i Solvorn. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Luster Frukt- og potetlager

starta som ei dyrkareigd verksemd i 1958, og bygde eit anlegg på kring 1.000 kvadratmeter i Høyheimsvik.

Luster Grønt AS

- sjå Luster Frukt- og potetlager.

Hovland fryseri

- sjå Luster Frukt- og potetlager.

Brødrene Lomheim AS

maskinentreprenørfirma vart starta på Hafslo i 1960 av brørne Olav Severin og Johannes Lomheim.

Hillestad Traktorservice AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hillestad Traktorservice AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hillestad Traktorservice AS

på Galden i Hafslo vart starta i 1969 av Johannes Hillestad. Verksemda driv reparasjon og sal av landbruksmaskiner, og har i 2006 fem tilsette.

Kjos Bygg AS

entreprenør- og byggevareforretning vart starta i 1978 av Ervin Johan Berge Beheim og Lars Karlsen.

Sogneskjell AS

i Gaupne vart starta i 1981 av Arnulf Elle i samarbeid med forskingsleiaren ved distriktshøgskulen sin akvastasjon på Skjer i Sogndal, Peter Hovgaard.

Luster Skjell AS

- sjå Sogneskjell AS.

Sogn Alu Design

på Hafslo vart starta i 1981.

Hafslo Målarservice

- sjå Sogn Alu Design.

Pyramiden i Gaupne. Foto: Arild Nybø, NRK.

Pyramiden i Gaupne. Foto: Arild Nybø, NRK.

Pyramiden - første handelssenter i fylket

Det første handelssenteret i Sogn og Fjordane vart bygt i Gaupne i 1985. Forretningar og servicekontor ligg rundt eit overbygt torg som har ein spiss takkontruksjon i glas.

Premiehuset Sogn og Fjordane

vart starta på Hafslo i 1990 av Astrid og Magnar Heggestad.

Gosh pgp A/S

- sjå Premiehuset Sogn og Fjordane.

Frå vedproduksjonen til Luster arbeids- og treningssenter. Foto: Lustra-nytt.

Frå vedproduksjonen til Luster arbeids- og treningssenter. Foto: Lustra-nytt.

Luster arbeids- og treningssenter

vart starta på Grandane i Gaupne i 1991. Her driv ein m.a. med vedproduksjon. Sidan 1992 har ein også drive og vaskeri og postrute m.a. til 20 statlege og kommunale etatar i Gaupne. Senteret har også ansvaret for drifta av kantina i rådhuset (2003).

Fjordstova AS

i Skjolden vart bygt i 1994. Den inneheld turistinformasjon, samfunnshusfunksjonar, badeland, klatrevegg, husflidutsal, biliotekfilial og kafé.

Fjordfilm

vart starta på Hafslo i 1996 av Johnny Flaten. Han driv film- og videoproduksjon m.a. for utanlandske reklameselskap.

Luster Arbeidssenter AS

i Gaupne vart starta i 1998 som eit prøveprosjekt for "Arbeid med bistand", støtta av Arbeidsdirektoratet. Ved senteret er det eit mål at yrkeshemma ved tilrettelegging av oppgåvene kan haldast aktive i arbeidslivet.

Drevdal Bygg AS

Entreprenørforretning starta i Gaupne i 1998 av Sigurd Seilen, Per Alf Eikeset og Toralf Drevdal. Firmaet tok då over lokala til den tidlegare helikopterbasen som Mørefly hadde drive frå Grandane i Gaupne. I 2003 har verksemda 18 tilsette og ei omsetning på 25 millionar kroner.

Digital Etikett held til på industriområdet Grandane i Gaupne. Foto: Arild Nybø, NRK.

Digital Etikett held til på industriområdet Grandane i Gaupne. Foto: Arild Nybø, NRK.

sognefjord.net AS

er eit reklamebyrå på Veitastrond som vart skipa i 1999 av Bjørn Kristian Skovly.

Lustrafjorden Kro AS

- sjå Næss sine verksemder i Høyheimsvik.

Sogn Byggservice AS

på Hafslo vart starta i 2000.

MNP – Multi Net Partner AS

– vart starta i 2001 i Gaupne. Ein av grunnleggjarane var Steinar Alvær. Verksemda er eit servicesenter som nyttar telefon og internett for kontakt mellom ulike produsentar av varer og tenester og aktuelle kundar for desse. Frå starten hadde verksemda 12 fast tilsette og fire på deltid. Verksemda har avdelingar også andre stader i Noreg.

Veitastrond triobakst

vart starta i 2001.

Fuhr Bygg AS

vart skipa i 2001 av Gulleik Fuhr i eit næringsbygg verksemda kjøpte på Røneidsgrandane. Verksemda driv hovudsakeleg med bygging av einebustader og har 13 tilsette i 2011.

Hjortefarm på Ornes

I 2004 starta Odd John Bugge og Svein R. Wergeland ein av dei første hjortefarmane i Sogn Fjordane på Ornes.

Gamlefjøsen på Ornes er eitt av næringstiltaka på Sørsida. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Gamlefjøsen på Ornes er eitt av næringstiltaka på Sørsida. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Næringstun i Kroken

I 2006 bygde Sørsida Eigedom AS eit lite industribygg i Kroken der småbedrifter på sørsida av Lustrafjorden kan leige lokale. Bygget husar m.a. små verksemder for vidareforedling av frukt, bær, kjøt og fisk, samt husflid. Varene vert selde gjennom eit felles salsapparat.

Lustramat BA

vart skipa i 2006 og er eit firma som organiserer omsetninga for produsentar av lokal mat og drikke. Produkta vert selde frå eigne hyller i daglegvarebutikkar kringom i kommunen.

Vinmonopol

Luster fekk vinmonopolutsal i 2008, plassert i Gaupne.

Lustrabui

Systrene Gudny Alme og Tordis Alme Langvandsbraaten starta i 2008 bakeri i den tidlegare samvirkelagsbygningen i Luster. Dei driv bakeriutsal med servering og sel varene til fleire forretningar i indre Sogn.

Tordis Alme Langvandsbraaten (t.v.) og Gudny Alme i Lustrabui. Foto: Birger Meland, NRK.

Tordis Alme Langvandsbraaten (t.v.) og Gudny Alme i Lustrabui. Foto: Birger Meland, NRK.

Ditt Apotek Luster

vart opna i Pyramiden i Gaupne i 2012. Eigarar av apoteket er Janos Varadi, Johnny Øvrebø og Pyramiden Mat. Tidlegare måtte folk i Luster til Sogndal for å få apotektenester.

Bluefjords AS

vart starta i 2012 av Fjordane IT, Lustragruppa, Terje Aaberge, Dagfinn Bach og Arne Myklebust. Selskapet planlegg å byggje eit datalagringssenter på 27.500 kvadratmeter ved Leirdøla kraftverk, fem kilometer frå Gaupne. I 2014 vart det reist eit mindre datasenter på 600 kvadratmeter.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.06.2015