Hopp til innhold
X
Innhald

Jernaldergarden på Modvo

Heggmyrane med Sogn Skisenter til venstre. Den gamle jernaldergarden på Modvo låg heilt i høgre biletkanten, under og til høgre for huset vi ser.  Foto Per Birger Lomheim.

Heggmyrane med Sogn Skisenter til venstre. Den gamle jernaldergarden på Modvo låg heilt i høgre biletkanten, under og til høgre for huset vi ser. Foto Per Birger Lomheim.

I liene over Hafslo ligg ruinane etter jernaldergarden Modvo. På garden var det busetnad frå 300-talet e. Kr. og i 200 år.

Modvo er det einaste kjende gardsanlegget frå denne tida i Sogn og Fjordane. Garden vart funnen av arkeologen Egil Bakka og graven ut frå 1960 til 1962.

På dette biletet kjenner vi att huset frå biletet over. Jernaldergarden låg under og til høgre for huset. Foto: Per Birger Lomheim.

På dette biletet kjenner vi att huset frå biletet over. Jernaldergarden låg under og til høgre for huset. Foto: Per Birger Lomheim.

Rikfolk

På Modvo har det budd rikfolk. I tuftene er det funne ein romersk mynt med keisar Marcus Aurelius' segl og restar etter glasbeger og glasperler som viser at folket der hadde handelskontakter vide ikring.

Framleis synleg

Merka etter garden er tydelege fordi det ikkje har vore drive jordkultivering i området seinare. Framleis finn ein merke etter åkrane kring tunet.

Stort hus

Hovudhuset har vore 30 meter langt og 10 meter breidt og bygt i tre. Taket har vore torvtekt og bore oppe av stolpar. Folket budde i den delen som vende mot dalen, medan husdyra kunne gå ut i ei innhengning på baksida. Herfrå vart dyra leia til og frå beita i ei rås med steingjerde på kvar side.

Rike funn

I tuftene er det funne spinnehjul og vevlodd, dekorerte potteskår, knivar, sigdar og ein nøkkel. Tett i husveggen ligg ein gravhaug for ei kvinne, og litt unna to steinkistegraver. I den eine er det funne restar etter våpen og skjold. Garden på Modvo vart fråflytta etter ein husbrann.

I 2011 vart det sett opp informasjonstavler som fortel om jernaldergarden.

Sølvmynt funnen på Modvo. Foto: Arild Nybø, NRK.

Sølvmynt funnen på Modvo. Foto: Arild Nybø, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.12.2011