Hopp til innhold
X
Innhald

Jon Bolstad

Assisterande rådmann i Norddal kommune 1994–1997, organisasjonssjef i Halden kommune 1997–2000.

Jon Bolstad fødd 1967 i Skjolden. Direktør for Helse Førde frå 2004. Bolstad har sjukepleiarutdanning, er kommunalkandidat frå Kommunal- og sosialhøgskulen 1994 og cand. mag. med ei rad universitetsfag innan jus, økonomi, statsvitskap og offentleg administrasjon.

Assisterande rådmann i Norddal kommune 1994–1997, organisasjonssjef i Halden kommune 1997–2000.

Administrasjonssjef og prosjektleiar for oppbygginga av regionsenter for barne- og ungdomspsykiatri for Helse Øst og Sør 2000–2001. Marknadsdirektør i IT-selskapet Logiq i 2001, og frå 2001 til 2004 rådmann i Rælingen kommune. Direktør for Helse Førde med bustad i Førde frå august 2004.

Verv

Representant for Høgre i Østfold fylkesting 1999–2002, og var i same periode medlem av fylkeslandbruksstyret.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.03.2011