Hopp til innhold
X
Innhald

Jon Olafson Teiste

Jon Olafson Teiste (ca. 1500-1555) busett i Ytre Kroken. Adelsmann og politikar.

Gjennom giftarmål med Anna Kruckow, dotter til riksråd Johan Kruckow vart han eigar av Ytre Kroken og busette seg der. Han arbeidde først i Bergen som ombodsmann for den norske erkebispen. Herfrå kravde han inn leigeinntekter for erkebispen sine gardar på Vestlandet og administrerte handelsverksemda som erkebispen dreiv i Bergen.

Teiste rauk uklar med erkebispen i 1532 i ein strid der den avsette og katolske Christian II freista å ta tilbake den norske kongemakta. I denne tida vart Jon utnemnd til væpnar, som var ein tittel i den norske lågadelen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.03.2008