Hopp til innhold
X
Innhald

Jostedal Industrier AS

Jostedal Industrier i 2008. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Jostedal Industrier i 2008. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Jostedal Industrier i 2008. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Jostedal Industrier i 2008. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Jostedal Industrier AS vart starta i 1996 av årdølen Kurt Brun. Verksemda er den einaste norske produsenten av operasjonsbord.

Verksemda produserer også anna medisinteknisk utstyr. I Jostedalen tok Brun over eit industribygg som tidlegare hadde vore nytta av Statkraft under anleggstida i Breheimsverka.

Bionordic

Brun står også bak skipinga av verksemda Bionordic som produserer pelletsomnar. I 2007 bygde Luster kommune eit industribygg på 900 kvadratmeter som vert leigd ut til dei to verksemdene.

Konkurs, men ny drift

I 2011 vart produksjonen til Bionordic stansa fordi interessa for pelletsomnar var for lita og salet dermed gjekk for dårleg. Seks tilsette miste arbeidet då Bionordic gjekk konkurs. Men seinare same året kjøpte Jostedal Industrier AS buet etter Bionordic, og produksjonen av pelletsomnar heldt fram med tre av dei tidlegare tilsette.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.08.2011