Hopp til innhold
X
Innhald

Jostedal Samvirkelag

Edvin´s Kolonial - tidlegare Jostedal Samvirkelag. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Edvin´s Kolonial - tidlegare Jostedal Samvirkelag. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Jostedal Samvirkelag vart skipa i 1939, og leigde den første tida stova til Simon Tvedt til forretning. Simon Tvedt hadde skaffa seg lastebil, og fekk varekøyringa for samvirkelaget til og frå Marifjøra.

Laget vart medlem av NKL frå starten. I 1941 tok laget over butikken til den konkursråka Jostedal handelsforening. I 1948 opna laget filial i nybygg på Gjerde.

I 1965 gjekk Jostedal Samvirkelag inn i det nyskipa Sogn Samvirkelag. Butikken vart lagt ned i 2001, men overteken av styraren Edvin Flati, som har drive butikken sidan under namnet Edvin's Kolonial.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.03.2011