Hopp til innhold
X
Innhald

Jostedalen breførarlag

Jostedalen bréførarlag har ei eiga fjellredningsgruppe.

Jostedalen bréførarlag har ei eiga fjellredningsgruppe.

Jostedalen breførarlag vart starta i 1987. Laget har m.a. eige instruksjonslokale - Bretun - i den nedlagde grendaskulen i Krundalen. Laget er godkjent som kursarrangør i bre- og fjellvet av Norsk Fjellsportforum.

Dei driv både brekurs og fjellklatrarkurs, skredkurs og fjellredning. I Bretun er det overnattingskapasitet for 25 personar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.03.2011