Hopp til innhold
X
Innhald

Jostedalen

Frå Fåbergstølen er det kort veg over breen til Oppstryn. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Frå Fåbergstølen er det kort veg over breen til Oppstryn. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Reiser ein til enden av den over fem mil lange Jostedalen, er det kortare veg over til Nordfjord og Ottadalen enn til Sognefjorden. Den geografiske plasseringa heilt oppe under Jostedalsbréen har prega både folkesetnad og næring i den einbølte dalen som heilt til 1965 var eigen kommune.

Segna om Jostedalsrypa

Segna om den vesle, halvville jenta som vart funnen som einaste overlevande i bygda etter Svartedauden, er den mest kjende segna frå den gongen den fælslege pesten drap ned det meste av folket i Noreg.

Jostedalen folkesett frå Nordfjord

Etter Svartedauden tyder mykje på at folk frå Nordfjord og Gudbrandsdalen var nybrotsmenn i Jostedalen.

Fråflytta gard i Jostedalen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Fråflytta gard i Jostedalen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.03.2011