Jostedøla i Jostedal
Jostedal

Jostedal er ein dal og eit sokn i Luster kommune i Vestland fylke.

Faktaboks

Uttale

jøstedal

Etymologi
norrønt jǫlstr, ‘istervidje’ (treslag) eller jǫstr, ‘gjær’, det vil seie ‘den skummande’
Også kjend som

Jøstedal

Sokn og tidlegare kommune

Jostedal var tidlegare eigen kommune, som blei slått saman med Luster og Hafslo til den nye storkommunen Luster i 1963. Den tidlegare kommunen omfatta midtre og øvre delar av Jostedalen, nord for Alsmo, og utgjorde 533 kvadratkilometer ved samanslåinga.

Jostedal utgjer også eit sokn som svarer til den tidlegare kommunen.

Dalføret

Jostedal
Nigardsbreen og Jostedalen

Jostedalen går frå Gaupnefjorden, som er ein arm av Lustrafjorden, og 60 kilometer nordover langs austsida av Jostedalsbreen. Gjennom dalen renn Jostedøla, som får tilførsel av Leirdøla frå vest. Elvane er utsette for flaum.

Dalen er djupt nedskoren, men dalbotnen ligg over lange strekningar på flate elvesletter som er avbrotne av bratte trinn. I nord blir landskapet temmeleg vilt. Det er jamn busetjing i sjølve Jostedalen og fleire av sidedalane. Fylkesveg 604 går gjennom dalen. Området er utsett for ras.

Nigardsbreen

Fleire brearmar strekkjer seg ned mot dalen frå Jostedalsbreen. Mest kjend er Nigardsbreen, som så seint som på 1700-talet strekte seg heilt ned til gardsbusetnaden på garden Nigard, 4,5 kilometer lenger ned enn han går i dag.

Kultur

Jostedal kyrkje
Jostedal kyrkje med kyrkjegard

Jostedalen har på grunn av den vakre og storslåtte naturen stort besøk av turistar. Ved inngangen til breen ligg Breheimsenteret, eit informasjonssenter for Jostedalsbreen nasjonalpark. Jostedal kyrkje er ei langkyrkje i tømmer frå 1660 med verdifullt inventar frå 1600-talet og dekorasjonar frå 1714.

Kraftverk

Kraftutbygging av Jostedøla i Jostedal kraftverk i 1990 og Leirdøla kraftverk i 1978 reduserte flaumfaren i vassdraget.

Namn

Det første leddet er elvenamnet Jóstru eller Jǫstru, som kanskje er avleidd av norrønt jǫlstr, 'istervidje' (treslag), eller jǫstr, 'gjær', det vil seie 'den skummande'.

Kart

Jostedal
Jostedal
Jostedal
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg