Hopp til innhold
X
Innhald

Jostedals Sparebank

Jostedal Sparebank delte dette huset med kommuneadministrasjonen frå 1949. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Jostedal Sparebank delte dette huset med kommuneadministrasjonen frå 1949. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Jostedals Sparebank vart skipa i 1895. På same vis som for Lærdal Sparebank og Nordfjord Sparebank i Eid var grunnfondet for banken skipa av midlar som var att etter eit statleg kornmagasin i dalen. Slike kornmagasin vart bygde opp kringom i landet for å sikre folk såkorn og mat i krisetider. Også eit par skulehus i dalen vart finansierte frå fondet då dei vart bygde på slutten av 1800-talet - sjå: Skulen i Jostedalen

I 1907 kjøpte kommunen ei handelsbu frå Christoffer Kroken på Bruvoll/Bakken. Dette huset var brukt som skule for Kreken, men vart også brukt til kommunestyremøte, ei boksamling, og sparebankkontor.

Vanskar etter krigen

Den vesle sparebanken i Jostedalen fekk store problem i kriseåra etter andre verdskrig. Innskytarane torde ikkje ha pengane ståande i banken og trekte dei ut. Den vesle sparebanken i Jostedalen slo seg konkurs i 1936, etter først å ha freista å kome fram til akkordordningar med styresmaktene. Kommunestyret i Jostedal sette like etter konkursen i gang arbeidet med å skipe ein ny sparebank, og i oktober 1937 vart Jostedal Sparebank skipa med eit grunnfond på 22.500 kroner. I 1937 starta dei tre sparebankane i Luster med bankbuss - ei ordning som ikkje minst kom grendene i den langstrakte Jostedalen til gode.

I 1949 bygde Jostedal kommune nytt kommunehus der sparebanken leigde kontorlokale.

I 1967 kjøpte sparebankane i Hafslo, Luster og Jostedal felles bankbuss. Ordninga med bankbuss vart trappa ned og endeleg avvikla i 2008. I staden innførte ein ei ordning med bank-i-butikk, med unntak av Hafslo og Gaupne.

Jostedal Sparebank vart slegen saman med sparebankane i Luster og Hafslo til Skulen i Jostedalen i 1975.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 08.01.2010