Hopp til innhold
X
Innhald

Jostedalsbreen som turist- og klatremål

På 1800-talet kom dei første bréturistane, og bréføring vart ei attåtnæring for mange. Dette biletet er frå Lundeskaret, og Anders T. Mundal frå Fjærland er truleg karen som står lengst unna. Ukjend fotograf. Eigar: Kari Mundal/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Jostedalsbreen og det ville høgfjellet ikring har frå dei eldste tider eggja folk med eventyrlyst og sans for å gjere «karstykke».
Alt i 1788 var det ein fjærlending som gjennomførte ei slags vandring «Jostedalsbreen på langs». Det var Ole Bøyasva som tok seg over breen frå Fjærland til Greidung i Oppstryn - og med retur dagen etter. Det er mest truleg at han gjorde det for opplevinga sin del, og ikkje fordi han hadde noko naudsynt ærend i Stryn. I 1844 kleiv Gabriel Rustøen og to andre karar frå Olden opp på Lodalskåpa - ein fjelltopp 2.083 m.o.h. som stikk opp av breen mellom Loen og Fåbergstølen. Møtet med den mektige iskåpa har gjort eit sterkt inntrykk på turistane heilt frå dei første tok til å søkje mot Jostedalen tidleg på 1800-talet. I 1823 reiste biskop Neumann over fjellet frå Dalsdalen, over Vigdal til Jostedalen. Då han såg Nigardsbreen, skreiv han: - Jeg mindes ikke nogen Aabenbaring i Naturen der har gjort det dybe Indtryk paa mig som Synet af denne Bræ. Aldrig havde jeg med dybere og helligere Følelse tilbedet Gud i hans Gjerning.

Kronen Turiststasjon i Krundalen, truleg i 1905. Mannen til venstre er truleg eigaren Thøgre Kronen. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Kronen Turiststasjon i Krundalen, truleg i 1905. Mannen til venstre er truleg eigaren Thøgre Kronen. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Dei første bre-hotella

Frå midten av 1800-talet kom dei første utlendingane på «oppdagingsferd» til dalane kring Jostedalsbreen. Det gav grunnlaget for å bygge overnattingsstader.

Turistar i nærkontakt med bréen. Biletet er teke før 1920, lenge før det kom opp skilt som åtvara mot å gå for nær bréfallet. Biletet er frå Fjærland, truleg frå Supphellebréen. Ukjend fotograf. Eigar: Kari Kvamme/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Slingsby på Jostedalsbreen

I 1874 gjorde den kjende fjellklatraren William Cecil Slingsby den første turen til Jostedalsbreen.

Fjellpionéren Kristian Bing

Seinare kom den kjende Bergens-advokaten og fjellmannen Kristian Bing til Austerdalsbreen og gav brearmane som stikk ut frå breen namna Odinbre, Torbre og Lokebre.

Breførarane tek styringa

Frå 1890 innførte den Norske Turistforening autorisasjonssertifikat for breførarar, og seinare bygde foreninga fleire turisthytter.

Briksdalsbreen trekkjer mange turistar til Nordfjord. Foto: NRK.

Briksdalsbreen trekkjer mange turistar til Nordfjord. Foto: NRK.

I midten av mai kvart år blir skituren Josten på langs avvikla, så sant veret tillet det. Her er 70 deltakarar på breen i 2011. Foto: Kjell Kleiven.

I midten av mai kvart år blir skituren Josten på langs avvikla, så sant veret tillet det. Her er 70 deltakarar på breen i 2011. Foto: Kjell Kleiven.

Josten på langs går over tre dagar, med overnatting på breen. Her er teltbyen i 2011. Foto: Kjell Kleiven.

Josten på langs går over tre dagar, med overnatting på breen. Her er teltbyen i 2011. Foto: Kjell Kleiven.

Hovudside: Jostedalsbreen

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 19.05.2011