Hopp til innhold
X
Innhald

Jostedalsbreen truga av kraftutbygging

Styggevatnet er regulert. Her er Andy Cullen i kajakk på vatnet. Nedtapping av vatnet fører til at brefronten på Austedalsbreen blir 40 meter høg. Foto frå TV-reportasje: Torje Bjellaas, NRK.

Styggevatnet er regulert. Her er Andy Cullen i kajakk på vatnet. Nedtapping av vatnet fører til at brefronten på Austedalsbreen blir 40 meter høg. Foto frå TV-reportasje: Torje Bjellaas, NRK.

Særleg på 1970- og 1980-talet vart Jostedalsbreen og landskapet ikring utsett for eit sterkt press for kraftutbygging.

Det mest omfattande ville ha ført til oppsamling av dei fleste vassdraga i Stryn og Loen i eit takrenneprosjekt ned mot store kraftstasjonar i Loen. På Jostedals-sida var det m.a. på tale å demme ned Fåbergstølgrandane i eit stort vassmagasin.

Etter fleire rundar vart det store takrenneprosjektet i Stryn droppa. Seinare vart også den delen av prosjektet som gjaldt Breheimen og Strynevassdraget trekt teken ut av planane og verna.

Breheimen nasjonalpark

I august 2009 vart eit areal på 1691 kvadratkilometer i Sogn og Fjordane og Oppland skipa som Breheimen nasjonalpark, og rundt denne eit stort landskapsvernområde.

Jostedals-utbygginga

Jostedals-vassdraget vart derimot regulert av Statkraft på 1980-talet, men etter ein sterkt moderert plan samanlikna den opphavelege.

Les meir om: Jostedalsbreen

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.03.2011