Hopp til innhold
X
Innhald

Jotunheimen - Breheimen-planen

Mørkridsvassdraget  var med i dei store planane for utbygging av Breheimen og Jotunheimen, men er no verna. Foto: Lars Nes.

Mørkridsvassdraget var med i dei store planane for utbygging av Breheimen og Jotunheimen, men er no verna. Foto: Lars Nes.

I 1966 starta Statkraftverka planlegging av ei enorm kraftutbygging i Breheimen og Jotunheimen, og i 1973 vart planen presentert:

I Luster skulle både Leirdølavassdraget, Jostedalsvassdraget og Mørkrids-vassdraget regulerast heilt til fjords. Det same skulle skje i Stryn, der det meste av vatnet frå elvane i Oppstryn skulle demmast av og overførast til kraftverk i Loen gjennom eit stort såkalla takrenneprosjekt.

Brevatn i «takrenne»

Den store kongstanken med prosjektet var å kunne nytte brevatnet frå Jostedalsbreen og breane nordanfor til å sikre kraftproduksjon i nedbørsfattige år. I høgfjellet ville ein difor m.a. demme ned Fåbergstølgrandane øvst i Jostedalen og Raudalen på austsida av vasskillet i enorme magasin.

Motstand førte til oppsplitting av planen

Korkje i Stryn eller i Luster møtte planen særleg sterk motstand. Her, som i dei fleste store konfliktane kring norsk kraftutbygging, var det krefter utanfor lokalsamfunna som mobiliserte sterkast.

Ikkje minst var det sterk skepsis i distrikt som låg kring Mjøsa: Der ein var redde for at kraftreguleringa oppe i Mjøsas kjelder kunne føre til dramatiske klimaendringar kring Noregs største innsjø.

Prosjektet vart oppdelt

Dei mest omfattande utvekstane på prosjektet vart raskt trekte ut av planen, og mykje av det som sto att, vart stoppa av dåverande miljøvernminister Gro Harlem Brundtland. M.a. gjekk ho sterkt imot neddemming av Fåbergstølsgrandane og takrenneplanen på Stryne-sida. Statkraftverka delte så prosjektet opp i mindre bitar, og fekk bygt ut Leirdøla i Luster først.

Les meir om Jostedals-utbygginga

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.04.2011