Hopp til innhold
X
Innhald

Jotunheimen nasjonalpark

Store Skagastølstind. Foto: Steinar Ørbeck Stølen

Store Skagastølstind. Foto: Steinar Ørbeck Stølen

Jotunheimen nasjonalpark vart skipa i 1980 og ligg i kommunane Årdal og Luster i Sogn og Fjordane og Lom og Vang i Oppland fylke. Det verna området er på 1145 kvadratkilometer.

Innanfor Jotunheimen nasjonalpark ligg dei høgste fjella i Noreg: Den høgste er Galdhøpiggen på 2469 meter, deretter Glittertind 2464 meter, begge i Oppland fylke.

Frå Vettismorki ser du innover Stølsmaradalen mot Austre Ringstind. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Frå Vettismorki ser du innover Stølsmaradalen mot Austre Ringstind. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dei største fjella i Sogn og fjordane finn vi i fjellrekkja Hurrungane, der Store Skagastølstind (Storen) på 2405 meter er det høgaste og mest kjende, spesielt som klatrefjell.

Haustsnø på Fanaråken. Her er vi på veg nedatt frå toppen, med utsyn mot Skagastølstindane. Foto: Norman Kjærvik.

Haustsnø på Fanaråken. Her er vi på veg nedatt frå toppen, med utsyn mot Skagastølstindane. Foto: Norman Kjærvik.

Fannaråken på 2068 meter er også eit kjent fjell i den vestlege delen av nasjonalparken. Sjå oversynet Fjelltoppar over 2000 meter i Sogn og Fj.

Stølsnostind sett frå Friken mellom Vetti og Skogadalsbøen. Foto: Karin Størdal.

Stølsnostind sett frå Friken mellom Vetti og Skogadalsbøen. Foto: Karin Størdal.

Hjelledalstind, Falketind og Stølsnostind sett sørfrå, frå Svartdalspiggen. Foto: Olav Kjell Moen.

Hjelledalstind, Falketind og Stølsnostind sett sørfrå, frå Svartdalspiggen. Foto: Olav Kjell Moen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.09.2011