Hopp til innhold
X
Innhald

Kjellfred Weum

Kjellfred Weum (1940–2017), fødd på Hafslo, busett i Marifjøra. Politimann og hekkeløpar. Han arbeidde frå 1964 som politimann i Oslo, deretter i Bærum før han vart politibetjent i Luster i 1971.

Weum lensmann i Leikanger i eitt år i 1979, førstebetjent i Luster 1980-1989, og lensmann i Sogndal 1989-1997.

Kjellfred Weum i 1995. Foto: Stein Magne Os, NRK.

Kjellfred Weum i 1995. Foto: Stein Magne Os, NRK.

Aktiv idrettsmann

Kjellfred Weum var som hekkeløpar ein av dei fremste friidrettsutøvarane i Noreg på 1960-talet, med i alt åtte noregsmeisterskap på rad frå 1963 til 1971. I 1968 fekk han Kongepokalen.

Han var nordisk meister på 110 meter hekk i 1965, kom seg til semifinalen under OL i Mexico City i 1968, og fekk 7. plass i EM i 1969. Weum deltok i til saman 43 landskampar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.08.2017