Hopp til innhold
X
Innhald

Kongevitjingar i Luster

Kong Carl IV

av Noreg-Sverige vitja som kronprins Kroken i 1856.

Kong Oscar II

Kong Oscar II

av Noreg-Sverige vitja som kronprins Skjolden og Marifjøra 1860. Han kom ridande over Sognefjellet frå Lom. 14 bønder frå Fortun var utkommanderte for å assistere kongefylgjet over fjellet, og i tillegg var 18 mann sette opp som livvakter.

Kongen skildra seinare reisa si i ein artikkel i DNT si årbok - sjå: Kjentfolk over Sognefjellet.

Kronprins Olav stansa på Heltne og helsa på lustringane på turen sin gjennom Luster i 1949. Ukjend fotograf.

Kronprins Olav stansa på Heltne og helsa på lustringane på turen sin gjennom Luster i 1949. Ukjend fotograf.

Kong Olav V

gjesta Luster som kronprins i 1949 då han reiste gjennom kommunane Hafslo og Luster på veg frå Leikanger til ein landsspeidarleir i Skjåk.

Kong Harald V

vitja som kronprins Luster kommune i 1979 saman med kronprinsesse Sonja i samband med ei større rundreise i Sogn og Fjordane. Dei nytta kongeskipet «Norge» på ferda, og var m.a. til gudsteneste i Dale kyrkje i Luster. Rundreisa gjekk elles til Solund, Høyanger, Fjaler, Gaular, Førde og Lærdal.

Kronprinsparet vitja også Ornes og stavkyrkja der i 1985 som vertskap for kronprinsparet frå Japan. Kong Harald har som privatperson vitja Dale kyrkje.

Ordførar Torodd Urnes ynskjer Dronning Sonja velkomen til Luster i september 2010. Foto: Erlend Blaalid Oldeide, NRK.

Ordførar Torodd Urnes ynskjer Dronning Sonja velkomen til Luster i september 2010. Foto: Erlend Blaalid Oldeide, NRK.

Dronning Sonja

har ved fleire høve vore på privat vitjing i Luster som fjellvandrar og i andre private og offentlege samanhengar. Mellom anna vitja ho Luster i september 2010 under ei markering av at restaureringsarbeidet ved Urnes stavkyrkje var fullført. Ho var og innom stavkyrkja i 2008 for å sjå på arbeidet.

Dronning Juliana til venstre og dronningmora Wilhelmina fekk seg kaffi i Høyheimsvik.

Dronning Juliana til venstre og dronningmora Wilhelmina fekk seg kaffi i Høyheimsvik.

Dronning Wilhelmina

av Nederland vitja Balestrand i 1954, nokre år etter at ho hadde abdisert. Dottera, seinare dronning Juliana, fylgde også med på turen. Dei vitja også Fjærland og Skjolden. I 1956 budde dei to nederlandske dronningane i fleire dagar på Tørvis Hotell i Marifjøra som private turistar, og rakk mellom anna innom Solstad Kaffistova.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.03.2011