Hopp til innhold
X
Innhald

Køyreveg Sogndal-Marifjøra

Riksveg 55 frå Marifjøra mot Lambhaug på indre Hafslo. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Riksveg 55 frå Marifjøra mot Lambhaug på indre Hafslo. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Samanhengande kjerreveg mellom Sogndal og Marifjøra kom ikkje før i 1848. Vegen fekk status som hovudveg i 1876. Sjå: Gamlevegen Sogndal-Hafslo-Marifjøra

I 1882 kom det framlegg om at vegen vart lagt om frå dei stupbratte berga aust for Marheimsgjelet til vestsida av elva, og i 1891 vart den nye veglina stukken.

Den nye vegen vart bygt Sogndalsfjøra-Nagløyri i 1893, og strekninga frå Nagløyri ved Barsnesfjorden framom Galden ved Hafslovatnet vart opna i 1907. I 1916 kunne ein opne ny, samanhengande veg Sogndal - Hillestad - Kjørlaug - Marifjøra. Vegen vart utvida på 1920-talet til fire meters breidd slik at den vart brukande som bilveg.

Vegen vart utbetra og lagt om m.a. med den 403 meter lange Årøytunnelen i 1983.

Årøytunnelen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Årøytunnelen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.03.2011