Hopp til innhold
X
Innhald

Køyrevegar i Luster

Det er langt frå autostradastandard på fylkesvegen til Veitastrond. Trass i at det er bygt fleire tunnelar som Svoranovtunnelen (biletet) og rasoverbygg er vegen svært rasfarleg. Og vegbreidda er ikkje større enn det som trengst. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Køyreveg Sogndal-Marifjøra

Samanhengande kjerreveg mellom Sogndal og Marifjøra kom ikkje før i 1848. Vegen fekk status som hovudveg i 1876.

Køyreveg Skjolden-Fortun

vart opna i 1866. Sjå også: Sognefjellsvegen.

Vegen Hafslo-Solvorn

vart i 1870 lagt om slik at den kunne køyrast med lass på over 200 kilo. Det vart bygt ny veg Solvorn - Galden - Hillestad i 1893.

Veg Marifjøra-Gaupne

Vegen Marifjøra-Røneid framom det bratte Røneidsberget vart opna i 1880, og dermed fekk også Jostedalen skikkeleg vegsamband til utskipingshamna og handelsstaden Marifjøra.

Vegen Hafslo kyrkje-Telgneset

ved Veitastrondvatnet var ferdig i 1895.

Vegen Gaupne-Skjolden

Vegen Luster-Skjolden vart opna i 1899. Her vart ein av dei første vegtunnelane i fylket bygt ved Ottum.

Gamal og litt nyare bru i Fossagjelet på vegen til Jostedalen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Gamal og litt nyare bru i Fossagjelet på vegen til Jostedalen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Køyreveg opp Jostedalen

Hovudvegen opp Jostedalen vart bygt i 1890-1891. Vegen hadde berre 2,5 meters køyrebreidde.

Sognefjellsvegen

Første planen for ein køyreveg over Sognefjellet vart lansert i 1896, og vegen sto ferdig i 1938.

Sognefjellsvegen ved Prestesteinsvatnet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sognefjellsvegen ved Prestesteinsvatnet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vegutløysing til Veitastrond

Veitastrond fekk vegsamband til Hafslo i 1955.

Vegen Marifjøra-Eikum

vart opna i 1962.

Skiltet som viser veg på det som var landets kortaste riksveg. Foto: Arild Nybø, NRK.

Skiltet som viser veg på det som var landets kortaste riksveg. Foto: Arild Nybø, NRK.

Landets kortaste riksveg

Den gamle strandstaden Marifjøra på sørsida ved Gaupnefjorden kunne skryte av å ha Noregs kortaste riksveg. Det var riksveg 603 som går frå krysset med riksveg 55 og ned til kaia. Den måler berre 245 meter! No er vegen gjort om til fylkesveg.

Frå vegen mellom Ornes og Kinsedal. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Frå vegen mellom Ornes og Kinsedal. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Vegen Skjolden-Kinsedal

Vegen Skjolden-Kroken på sørsida av Lustrafjorden vart bygt i fleire etappar på 1960- og 1970-talet, og fullt opna fram til Kroken i 1974. Her går vegen gjennom tre store tunnelar: Kviteskreda 297 meter, Galdane 878 meter og Stokkanestunnelen 355 meter. Vegen Kroken-Ornes kom 1981, og Kroken-Kinsedal i 1986.

Bomvegen Årdal-Turtagrø

Fardalsvegen i Øvre Årdal vart opna i 1921, og vart forlenga frå øvste garden Åbøle med bomvegen over til Turtagrø i Luster i 1970. Les om Bomvegen Årdal-Turtagrø under Årdal kommune.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 24.08.2011