Hopp til innhold
X
Innhald

Køyrevegen over Sognefjellet

Sognefjellsvegen med utsyn mot Smørstabbtindane. Foto Normann. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Sognefjellsvegen med utsyn mot Smørstabbtindane. Foto Normann. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Første planen for ein køyreveg over Sognefjellet vart lansert av vegdirektør Hans Hagerup Krag i 1896. Han fekk den lokale kjentmannen Eiliv Brenna og ingeniørar til å synfare fjellet for å finne den beste veglina.

På Sogne-sida fekk «Fortuns-lina» ei tid uventa konkurranse frå folk som gjerne såg at Sognefjellvegen gjekk over Skogadalsbøen og ned til Øvre Årdal, men det var lina frå Dummdalen til Ormelid og Fortun som vann fram. Krag synfor sjølv veglina over fjellet i 1901, og i 1902 vart vegen stukken. Men det viste seg at det no var lita politisk interesse på Opplands-sida for å gje Sognefjells-prosjektet prioritet.

Bygdefolket starta arbeidet

Men bygdefolket på begge sider av fjellet var utålmodige, og tok på kvar si side til å byggje veg, litt for litt. I 1935 var såleis vegen på Gudbrandsdals-sida køyrande med bil fram til Krossbu, men den var smal; berre 2 til 2, 5 meter brei.

Frå bygging av Fossegaldsbrui mellom Fortun og Turtagrø. Foto: Agnar Bolstad.

Frå bygging av Fossegaldsbrui mellom Fortun og Turtagrø. Foto: Agnar Bolstad.

På Sogne-sida var det samstundes i gang bygging av bygdeveg med statsløyving frå Fortun til Turtagrø. Her sto det i 1936 att ni kilometer før vegen var framme ved Turtagrø. Midt oppe på fjellet mellom Turtagrø og Krossbu sto det att 20 kilometer før vegen var skøytt saman.

Sognefjellsvegen som naudsarbeid

Sognefjellsvegen sto ikkje på prioritetslistene korkje i Sogn og Fjordane fylke eller i Oppland fylke, men i 1935 vart det gjort opptak til at Sosialdepartementet skulle løyve pengar for å starte naudsarbeid for arbeidslaus ungdom på fjellvegen.

Vinteren 1936 løyvde Sosialdepartementet pengar slik at det våren etter kunne startast ein arbeidsleir på kvar side av fjellet med 100 gutar i kvar gruppe. Samstundes vart det sett av løyvingar til ei rask sluttføring av bygdeveganlegga frå Fortun til Turtagrø.

Ein av rutebilane til Sogn Billag på veg opp Sognefjellet med Skagastølstindane i bakgrunnen. Biletet er teke på slutten av 1930-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Fjord1 Sogn Billag/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Vegopning i 1938

Arbeidet på Sognefjellsvegen starta sommaren 1936, og vegen var skøytt saman seinhaustes 1937. Dei fleste gutane som arbeidde på anlegga kom frå Sogn og Fjordane og Oppland, men her var også nokre ungdomar frå Trøndelag. På grunn av snø og høgfjellsforhold heilt oppe i 1400 meter over havet, kunne arbeidet berre gå føre seg i fire sommarmånader i slengen. Vegen vart bygt med 3,5 meters breidde. Gutane budde i to brakker ved Krossbu og Fantesteinvatnet. Arbeidet vart lagt opp som akkordarbeid, og gutane heldt seg jamnt 60 - 75 øre timen.

Brøyting av Sognefjellsvegen. Det kan ta si tid å få opna vegen att etter snørike vintrar. I moderne tid blir GPS brukt som hjelpemiddel for å finne att vegbana, i tillegg til brøytestikkene. Her held fresen på med å brøyte seg gjennom Korpabakken 1360 m.o.h. Foto: Kjartan Kvien.

Vegen vart offisielt opna sommaren 1938, og vart samstundes riksveg. Også somrane 1938 og 1939 arbeidde nokre gutar på vegen m.a. med utviding av eindel møteplassar. Toppunktet på Sognefjellsvegen ligg 1434 m.o.h., og vegen går i dei brattaste partia med ei stigning på 1:8. Heile strekninga frå Skjolden til Lom er på 84 kilometer.

Dei fleste turistane stansar for å fotografere når dette motivet byr seg fram ved Prestesteinsvatnet med Smørstabbreen i bakgrunnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dei fleste turistane stansar for å fotografere når dette motivet byr seg fram ved Prestesteinsvatnet med Smørstabbreen i bakgrunnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Nasjonal turistveg

Sognefjellsvegen fekk status som nasjonal turistveg i 1997. Det er bygt fleire stoppestader ved gode utsiktspunkt, og både på Sogne- og Bøverdalssida er det informasjonstavler om vegen og naturen i kring. I 2006 vart den gamle ruta som vart nytta då ferdafolket gjekk og kløvja over fjellet merkt og opna som vandrarveg. Den har namnet Vardevegen og går frå Turtagrø til Krossbu.

Vardevandring på Sognefjellet. Foto: Halvard Johan Bolstad.

Vardevandring på Sognefjellet. Foto: Halvard Johan Bolstad.

Les meir om Sognefjellsvegen

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 24.08.2011