Hopp til innhold
X
Innhald

Kraftutbygginga i Luster

Straum frå m.a. Leirdøla kraftverk gjev gode inntekter til Luster. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK

Straum frå m.a. Leirdøla kraftverk gjev gode inntekter til Luster. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK

Luster kommune er den største kraftprodusenten i fylket - ja - faktisk ein av dei største i heile landet. Men trass i dei enorme kraftressursane, finn vi også det største «kraft-paradokset» i Luster: Då Jostedal kommune fekk elektrisk straum i 1958, var det den siste kommunen i fylket som vart elektrifisert.

Dei største fallrettane i Luster vart tidleg på 1900-talet kjøpt opp av framandfolk. Fallrettane skifte mange eigarar før ÅSV fekk hand om Fortun på 1950-talet og bygde ut eit av landets største kraftverk der. For Jostedals- og Leirdøla-vassdraga lengre vest skjedde det ikkje noko før Staten vart eigar av fallrettane og bygde ut på 1970- og 1980-talet.

Dei første kraftverka i Luster

Nokre av dei første kraftstasjonane i Sogn og Fjordane vart bygt i Luster.

Årøy kraftverk. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Årøy kraftverk. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Årøy-kraft og Sognekraft

Med få unntak, var dei ovanfornemnde kraftverka svært små. For å sikre nok kraft, gjekk både Luster og Hafslo kommunar på 1920-talet inn i den såkalla den Gaulasamskipnaden.

Luster Energiverk

I 1980 gjorde Luster formannskap opptaket til at dei lokale kraftlaga frå dei tre tidlegare kommuneeiningane skulle slå seg saman.

Fossekjøpar-tida i Luster

Feigum-vassdraget med den 218 meter høge Feigumfossen var det første vassdraget i Luster som vart kjøpt opp.

Industridraumar i Fortun

Konsul Harald Larsen la store planar for stålindustri i Høyanger, og då det ikkje gjekk, satsa han på Fortun, der han bygde ein liten kraftstasjon i 1919 og eit lite stålverk - L/L Sogns Elektrostaalverk.

Kraftverket til Hydro Energi i Fortun. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kraftverket til Hydro Energi i Fortun. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fortun-utbygginga

ÅSV (Årdal og Sunndal Verk) si regulering av Fortun/Grandfasta-vassdraga i Luster på 1950-talet var den største kraftutbygginga i Noreg til då.

Jostedals-utbygginga

Det lengste vassdraget i Sogn og Fjordane er Jostedalselvi. Her er det ei fallhøgde på langt over 1000 meter. Likevel skulle det gå over 70 år frå vassdraget første gong vart kjøpt opp og til det vart utbygt. Det er også eit stort paradoks at bygdene i den «vassrike» Jostedalen var dei siste i fylket som fekk elektrisk straum. Det skjedde først i 1958.

Statkraft med regionadministrasjon i Gaupne

I 1994 vart Statkraft Region Midt-Norge skipa med hovudkontor i Gaupne.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.04.2011