Hopp til innhold
X
Innhald

Kremmarhandel på Fuhr

Hovudhuset på Fuhr. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hovudhuset på Fuhr. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ei gong midt på 1600-talet starta også futesonen Christen Nielsen Fuhr (1603-1685) handel på grannegarden Fuhr (For) like sør for Døsen.

Sonen Jens tok over handelen på Fuhr då faren døydde i 1685 og dreiv til han døydde i 1691. Nokre av dei 14 borna endra familienamnet sitt til Lemvig, som var eit slektsnamn henta frå ei anna slektsgrein. Eitt av dei 14 borna til Jens, Peder Jensson Lemvig (1678-1761), arva Fuhr-garden - og eigde i tillegg 32 gardar i indre Sogn. Handelen på Fuhr låg nede nokre år til Peder Jensson Lemvig på nytt fekk kremmarløyve i 1726, og denne handelen dreiv han til 1742.

Lemvig tek over på Døsen

Ein av brørne til bonde og kremmar på Fuhr, Peder Jensson Lemvig, heitte Christen Jensson Lemvig (1670-1732). I 1696 tok han over som landhandlar og gjestgjevar på Døsen etter dansken Søren Jenssen Sønderhovud. Christen Lemvig dreiv også handel i Solvorn. På same vis som broren på Fuhr var Christen ein flittig jordsamlar, for då han døydde, hadde Christen Lemvig samla seg i alt 20 gardar i Luster og Hafslo.

Sonen Dominicus Lemvig (1702-1764) tok over handelen på Døsen i 1744. I tillegg fekk han kontroll over handelen på Dalsøyri då han gifta seg med enkja etter handelsmannen der, Hans Eriksson Dalsøren. Han fekk også kontroll over handelen på Heltne - sjå: Handel på Heltne og Dalsøyri.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.03.2011