Hopp til innhold
X
Innhald

Krigshistoria i Luster

Denne betongbunkeren står som eit solid minnesmerke over den tyske okkupasjonen av Noreg. I Kinsedal var det gruvedrift med opp mot 400 arbeidarar i sving under andre verdskrigen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Denne betongbunkeren står som eit solid minnesmerke over den tyske okkupasjonen av Noreg. I Kinsedal var det gruvedrift med opp mot 400 arbeidarar i sving under andre verdskrigen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Svenske spionar i Fortun?

Til Kalmar-krigen mellom Danmark-Noreg og Sverige som starta i 1611, vart i alt 300 soldatar mobiliserte i Sogn og sende austover. Som vanleg i krigstider, vart folk også då særleg vaktsame på framande personar.

Soldatopprøret i 1659

Våren 1659 kom løytnant Paul Wilhjem til Sogn for å skrive ut soldatar til krigen mot svenskane. Solvorn var møteplass for innskrivinga, men dei innkalla saboterte oppropet.

Lysterske Compagni

– også omtala som Nordre Indresognske Compagni av Bergenhusisiske Nationalinfanteriregiment.

Minnesmerke ved Hafslo kyrkje over dei som fall i krigen mot svenskane 1807-1814. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Minnesmerke ved Hafslo kyrkje over dei som fall i krigen mot svenskane 1807-1814. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Lustringar fall i krigen mot svenskane

Ein av dei som fall i stridane mot svenskane 1807-1814 var Ola Olsson Oklevik (1780-1808) frå Lomheim i Hafslo, og sambygdingen Per Person Lomheim (1779-1808) døydde i svensk krigsfangenskap. Også brørne Erik og Anbjørn Baten frå Mollandsmarki miste livet i denne krigen - Anbjørn i 1809 og Erik i 1810. Det same vart lagnaden til Sjur Andersson Øvrebø frå Solvorn i 1808.

2. VERDSKRIG I LUSTER:

Soldatar på flukt i aprildagane 1940

I kampane i Gudbrandsdalen etter den tyske invasjonen i Noreg i april 1940, var det fleire grupper engelske soldatar som tok seg over til Årdal. Derifrå gjekk dei vidare til Skjolden.

Norske soldatar budde på Walaker Hotell i 1940. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Norske soldatar budde på Walaker Hotell i 1940. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Walaker Hotell brukt av norske soldatar

Under retretten frå kampane i Valdres i mai 1940 vart Walaker Hotell i Solvorn nytta som forlegning av 400 norske soldatar. Der vart dei verande til kapitulasjonen i Sør-Noreg den 10. juni 1940. Seinare under krigen vart hotellet nytta som bustad for ein tysk tropp på 16 soldatar. I Luster vart tyske soldatar innhyste i bedehuset, på Skjolden i skulehuset. Det var og tyske soldatar på Turtagrø ei tid.

Det store kaianlegget som tyskarane bygde i Kinsedal. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Det store kaianlegget som tyskarane bygde i Kinsedal. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Anorthositten i Kinsedal

I dag ligg Kinsedal som ei fredeleg og einbølt bygd på austsida av Lustrafjorden. Men ei svær kai og nokre gamle hustufter minner om at denne bygda i nokre hektiske krigsår var eit gruvesamfunn som talde 400 arbeidarar.

Radiosleppet over Hafslo i februar 1945

– sjå: Milorg-basen i Sogndalsdalen - «Eit mislukka flyslepp».

Falne og omkomne frå Luster

under andre verdskrigen.

Folk frå Luster i tysk fangenskap

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.10.2011