Hopp til innhold
X
Innhald

Kristine Taraldsdotter Smørhette

Kristina Taraldsdotter Smørhette (fødd ca. 1395 - d. 1463) frå Fet i Indre Hafslo. Ho var frå den norske høgadelsætta Smørhatt, og var dotter til riksråden Toralde Sigurdsson Smørhatt.

Ved arv og gjennom i alt fire giftarmål fekk ho hand om store jordeigdomar i Sogn og elles i Sør-Noreg - m.a. det såkalla Aspa-godset. Den tredje ektemaken til Kristina ca. 1448 var den danske adelsmannen og riksråden Herlaug Pederson Jernskjegg.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.03.2008