Hopp til innhold
X
Innhald

Kroken

I Ytre Kroken har det budd høgætta folk frå uminnelege tider. Rike gravfunn frå datert 400 e. Kr. og seinare viser det.

Kroken - adelssete og kulturelt senter

Den første gongen garden vert omtala i skriftlege kjelder er i 1298, då Alf Basseson - Alf i Kroki - er nemnt som eigar. Garden kom på 1500-talet i adelsætta Kruckow si eige. I 1764 vart kaptein Gerhard Christoffersen Munthe eigar av garden.

Husmorskulen i Kroken og på Hafslo

I 1884 var det slutt på Munthe-slekta si tid i Ytre Kroken. Då vart garden seld til Mons Johannesson Kroken, og i 1897 vart det staselege hovudhuset frå 1700-talet leigd ut til Sogn og Fjordane som husmorskule.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.05.2007