Hopp til innhold
X
Innhald

Krøterdrifter over Jostedalsbreen og Sognefjellet

Handelen med bufe og hestar frå Vestlandet mot Austlandet tok seg sterkt opp på 1700-talet. Den sterkaste tradisjonen for fehandel finn vi i Vik, Aurland og Flåm, Lærdal, Årdal, Luster, Jostedalen, Røneid og Hafslo.

I Jostedalen ser det ut til at tradisjonen med driftehandel starta alt på 1600-talet. I året 1600 finn vi nemleg både Johannes, Oluf og Lasse på garden Haugen oppførte som «kremmarar». Mest truleg driv dei då med krøterhandel, for på den tida var dalen svært tynt folkesett, og gav neppe næringsveg for nokon lokal handelsmann med vanlege varer.

På 1700-talet er det kjent at menn som Per Nilsson Drevdal og Nils Larsson, begge frå Jostedalen, dreiv som driftekarar. Elles fortel Kristen Bremer i boka «Hafslo ikring 1860» at både Jakob Tørvi frå Hafslo, Jon Næs frå Luster og Jakob Molland frå Røneid «vart så rike på driftehandel at det spurdest».

I 1891 vart det registrert åtte driftekarar i Jostedal og fem i Hafslo kommune. Særleg var folk frå garden Røneid i Gaupne og frå gardane på Ytri i Jostedalen kjende som driftekarar. Også Kristian Heltne og Paal Helgesen Flikki i Luster var velkjende driftekarar. Flikki skulle vere mannen som selde merra som vart kjend frå segna om «Lenda frå Land».

Driftevegane vestfrå

Krøterdriftene vestfrå kom som oftast over Jostedalsbreen frå Erdal i Oppstryn til Fåbergstølen i Jostedalen. Derfrå vart dyra drivne ned dalen til Gaupne for båttransport til Lærdal eller Flåm. Ei anna rute gjekk frå Vigdal over mot Lustrafjorden, der dyra vart frakta over og drivne opp Krokadalen og over til Farnes i Øvre Årdal. Herfrå gjekk drifteruta via den store krøterhamnen på Breikvam mot Tyin og Valdres - sjå: Driftevegar og saltvegar.

Drapet på driftekar Erik Høyheim

Driftekarane var kjende for å vere stinne av pengar når dei vende heim etter å ha fått oppgjer på Austlandet. I 1817 var driftekaren Erik Høyheim frå Luster på veg heim att med ein velfødd lommebok, men han kom ikkje langt...

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.05.2008