Hopp til innhold
X
Innhald

Laksefisket i Luster

Fortunselvi. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Fortunselvi. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Sjølv om både Mørkridselvi og Fortunselvi er gode lakseelvar, har dei ikkje hatt det eksklusive «lordefisket» andre lakseelvar, som t. d. Lærdalselvi og Årøyelvi har hatt.

Den gamle fangstmetoden med laksekjerr vart mykje nytta i dei to elvane i gamle dagar. Andre kjende fangstmetodar var lystring med eld. Garnkasting vart også nytta m.a. i Flåane i Mørkridselvi på 1700-talet. Dette var eit fiske som Bolstad-folket på austsida og folket på Hauge på vestsida gjekk saman om.

Fiske med kilenot

Etter sterkt fall i fangstmengdene vart både Mørkridselvi og Fortunselvi freda for laksefiske i 1992. Fiske etter aure var framleis tillate. Jostedalselvi har alltid vore ei typisk aureelv og vart difor ikkje råka av restriksjonane.

Fiske med kilenot

Langs Lustrafjorden var det tidlegare mange som gjorde seg gode ekstrainntekter på kilenotfiske etter laks.

Lakserute til Bergen

Frakteskipper Edvard Simlenes frå Fresvik gjekk i mange år i «lakserute» frå Sogn til Bergen med båtane «Workman» og «Bjørg». Isen som skulle halde fisken fersk, vart skoren på Eidevatnet i Skjolden - sjå: A/S Sogns Iscompagni. Herfrå fekk også fiskeindustrien i m.a. Måløy store leveransar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.04.2011