Hopp til innhold
X
Innhald

Lemvig tek over på Døsen

Hovudhuset på Døsen i 2008. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Hovudhuset på Døsen i 2008. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Ein av brørne til bonde og kremmar på Fuhr, Peder Jensson Lemvig, heitte Christen Jensson Lemvig (1670-1732). I 1696 tok han over som landhandlar og gjestgjevar på Døsen etter dansken Søren Jenssen Sønderhovud.

Christen Lemvig dreiv også handel i Solvorn. På same vis som broren på Fuhr var Christen ein flittig jordsamlar, for då han døydde, hadde Christen Lemvig samla seg i alt 20 gardar i Luster og Hafslo.

Sonen Dominicus Lemvig (1702-1764) tok over handelen på Døsen i 1744. I tillegg fekk han kontroll over handelen på Dalsøyri då han gifta seg med enkja etter handelsmannen der, Hans Eriksson Dalsøren. Han fekk også kontroll over handelen på Heltne - sjå: Handel på Heltne og Dalsøyri.

Handel med gudbrandsøler

Dominicus Lemvig dreiv handel vide omkring: I tillegg til lokal handel i Luster, handla han også med lomværingar og andre gudbrandsøler, og hadde også ein betydeleg handel i det vesle gruvesamfunnet som på den tida låg i Øvre Årdal - Årdal Koparverk.

Då Dominicuis Lemvig døydde, vart enkja Maren gift med Hans Rue Schelderup som tok over handelen på Døsen. Då Schelderup døydde i 1781, vart det Maren sin tredje ektemake, Henrik Andersson Nitter frå Røneid, som var handelsmann på Døsen. Nitter var handelsmann på Døsen til 1799, då svigersonen Tøger Hansen (1771-1814) tok over og dreiv med eit lite avbrekk til 1812. Då flytta han til Lærdalsøyri og slo seg opp som stor handelsmann og gjestgjevar der. Der vart også sonen Jan Henrik Nitter Hansen ein mektig handelsmann.

Forretninga på Døsen gjekk no over til Tøger Hansen sin halvbror, Mons Hansson Rønnei.

Les også om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.03.2011