Hopp til innhold
X
Innhald

Lokale folk var første fossekjøparar

Det renn vatn ned alle fjellsider i Jostedalen. Denn fossen finn vi ved Leirmo. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Det renn vatn ned alle fjellsider i Jostedalen. Denn fossen finn vi ved Leirmo. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Det var advokat Erik Fraas og grosserar Jacob Jacobsen Molland som sikra seg fallrettane i Jostedalselvi og sideelva Leirdøla. Fraas var oppvaksen på Hafslo. Jacob Molland kom frå Røneid i Gaupne. Der dreiv han handel ei tid før han flytta til Oslo og gav seg inn på fossekjøp og skipsrederi.

«Røvarkjøp»

Sett i dagens perspektiv, var det litt av ein handel dei to tidlegare bygdegutane gjorde: I 1917 sikra dei seg fallrettane i både Jostedalselvi og Leirdøla. Leirdøla er eit side- vassdrag til Jostedøla på vestsida. Dei finansierte halvparten av kjøpet med lån i Skiensfjordens Kreditbank.

Den samla kjøpesummen for «Leirdalsfallene» I og II og «Jostedalsfallene» I og II var på 310.000 kroner. I tillegg hadde dei avtale om å betale ut ein restsum på 40.000 kroner når vassdraga var ferdig utbygde.

Fallrettar på vandring

Samanlikna med andre store fossekjøp som vart gjort i andre store vassdrag i Sogn og Fjordane i den såkalla «fossekjøptida», kom oppkjøpet av Jostedals-vassdraget og Leirdøla svært seint. - Så seint at dei to første oppkjøparane knapt fekk områdd seg før nedgangstidene sette inn like etter 1. verdskrig.

Fosseeigarane fekk økonomiske problem, og det enda med at Skiensfjorden Kreditbank overtok kontrollen over fallrettane, utan at banken eigentleg vart den formelle eigaren.

Dette førte seinare til mykje strid - m.a. meinte det svenske industrikonsernet Avesta at dei hadde sikra seg store eigarlutar i dei verdfulle falla. Enden på rettstvisten vart at fallrettane gjekk tilbake til grunneigarane og til dei opphavelege fossekjøparane, som i sin tur selde til Staten.

Les meir om Jostedals-utbygginga.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.04.2011