Hopp til innhold
X
Innhald

Ludwig Wittgenstein

Ludwig Wittgenstein.

Ludwig Wittgenstein.

Ludwig Josef Johann Wittgenstein (1889-1951) frå Austerrike, busett m.a. i hytta si i Skjolden i fleire periodar. Verdskjend filosof, og rekna som ein av dei fremste filosofane i den 20. hundreåret.

Han kom frå ei velståande familie, og etter ingeniørutdanning studerte han 1912-1913 matematikken sine filosofiske grunnlagsproblem under den store filosofen Bertrand Russel ved Cambridge University.

Vart standardverk

I 1921 gav Wittgenstein ut arbeida sine i boka «Tractatus Logico-Philosophicus», der den såkalla «bilet-teorien» i språket står sentralt. Denne boka er på berre 80 sider, men er likevel rekna som eit av dei viktigaste standardverka i moderne filosofi.

Budde i Skjolden

Frå 1913 budde Wittgenstein i Skjolden, der han først leigde seg rom hjå Hans Klingenberg. Han bygde etter ei tid si eiga hytte på ei fjellhylle på nordsida av Eidsvatnet. Huset var på 8 x 7 meter og vart kalla «Østerrike». Her fekk han arbeide i fred.

Hytta til Wittgenstein ved Eidsvatnet.

Hytta til Wittgenstein ved Eidsvatnet.

Deltok i krigen

Då 1. verdskrig braut ut i 1914, melde Wittgenstein seg frivillig til teneste i den austerrikske hæren. Han gjorde frontteneste det meste av tida, og sat etter krigsslutt i 1918 i fangenskap i eitt år. Han kom på nytt tilbake til Skjolden i 1921. Med krigen hadde familieformuen gått tapt, og han livnærte seg i nokre år m.a. som lærar, arkitekt og gartnar.

I Wiener-krinsen

Ut på 1920-talet kom han i kontakt med filosofen Moritz Schlick og hans «Wiener-krins». Først i 1929 kom han tilbake til Cambridge og tok opp att arbeidet som filosof. Her vart Wittgenstein professor i 1939, og arbeidde ved universitetet der til 1947.

Attende til Skjolden

I mellomkrigstida budde Wittgenstein i hytta si i Skjolden m.a. i ni månader vinteren 1936-1937. Året før han døydde av kreft, vitja han Skjolden for siste gong.

Grunnmur frå Wittgenstein si hytte. Foto: Janneche Strønen, NRK.

Grunnmur frå Wittgenstein si hytte. Foto: Janneche Strønen, NRK.

Fleire skrifter

Etter at han døydde i 1951, vart filosofiske skrifter som Wittgenstein etterlet seg, gjeve ut under titlane «Philosopische Untersuchungen» (1953), «Remarks on the Foundations of Mathematics» (1956), «Notebooks 1914-1916 (1961), »Philosopische Bemerkungen« (1964) og »On Certainty" (1969).

Seminar i Luster

I seinare år har det vorte arrangert nasjonale og internasjonale «Wittgenstein-seminar» i Luster.

Biografiar

Mellom biografiane som er skrivne om Wittgenstein er «Fornuft og følelse» av den norske forfattaren Knut Olav Åmås (Gyldendal 2000).

I 2013 kjøpte Luster kommune hustufta der «Østerrike» stod for å legge til rette for dei som ynskjer å byggje ein kopi av huset.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.04.2013