Hopp til innhold
X
Innhald

Luster husflidslag

Luster husflidslag er det største og mest aktive husflidslaget i Sogn og Fjordane, med kring 100 medlemer.

Laget vart skipa 1979 etter opptak av Henny Eikum Roterud, som var første leiar. Laget skipar til kurs i ulike husflidsteknikkar som biletvev, broderi, lappeteknikk og treskjæring, og samarbeidde på 1990-talet med Luster Bondekvinnelag (skipa 1939) i ei stor registrering av gamal vevnad og vevteknikkar i Luster kommune.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.04.2011