Hopp til innhold
X
Innhald

Luster vidaregåande skule i Gaupne

I 1977 starta Sogndal yrkesskule ein filial i Gaupne med eitt-årig grunnkurs i maskin- og mekanikarfag. Kommunen heldt undervisningslokale.

I 1979 fekk Gaupne-avdelinga også klassar i bygg og anlegg. I 1980 flytta skulen inn i spesialteikna nybygg, og i 1982 vart undervisningstilbodet ytterlegare utvida.

I 1992 vart avdelinga i Gaupne frigjort frå Sogndal og omgjort til Luster vidaregåande skule.

Ved fleire høve har den vidaregåande utdanninga i Gaupne vore i fåresonen når fylket har vore ute med sparekniven: I 1991 kom fylkesskulesjefen med framlegg om nedlegging. Det same kom att i 1994, men ved begge høve mobiliserte både bygdefolk og lokalpolitikarar for å berge skulen - og berga den enno nokre år. Men i 1998 var det slutt. Då vart den vidaregåande skulen i Gaupne lagt ned samstundes med vidaregåande i Vik kommune - sjå: Skular i Vik.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.05.2008