Hopp til innhold
X
Innhald

Lysterske Compagni

Her på Ekservollen på Kvalsøyri vart Jacob Johannesson Høyum avretta i 1858. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Her på Ekservollen på Kvalsøyri vart Jacob Johannesson Høyum avretta i 1858. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lysterske Compagni er også omtala som Nordre Indresognske Compagni av Bergenhusisiske Nationalinfanteriregiment.

Både på Kvalsøyri i Luster og i Solvorn var det frå 1600-talet lokale eksersisplassar for Nordre Indresognske Compagni. Kvalsøyri var den viktigaste, og der har ein framleis stadnamna Ekservollen og Telthusmyri som minne om militærtida.

Ekservollen var den gamle almenningen i Luster, og denne eksersisplassen vart nytta til 1871. Eit telthus (utstyrshus) frå denne eksersisplassen vart seinare rive og sett opp som ekspedisjonsbygning og handelsbu på Eide i Skjolden. Dette bygget vart restaurert på slutten av 1990-talet.

Telthuset på Eide i Skjolden frå eksersisplassen i Luster. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Telthuset på Eide i Skjolden frå eksersisplassen i Luster. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kompanisjefane for eksersisplassen på Kvalsøyri budde på Vollen og Nygård i Luster, Høyheim og Flahamar - sjå: Flahamar vert offisersgard.

Hovudhuset på Nygard i Luster vart bygt av Joachim de Knagenhielm Daae i 1801 og står framleis - delvis i den opphavelege empirestilen med ei brei ark i fasaden ut mot fjorden.

Sjefsgard på Marheim

Ein gard på Marheim i Indre Hafslo fungerte som sjefsgard frå 1683 då Stephen Jensson Loss vart sjef for Indre Sognske Compagnie.

Strabasiøs ferd

Også etterfylgjaren, kaptein Nils Krag, budde på Marheim frå 1699 til 1707. Eksersisplassen for kompaniet låg i Solvorn i perioder frå 1685 til 1707.

Strabasiøs ferd

I 1687 vart eit kompani frå Luster under leiing av kaptein Loss kommandert austover til teneste. På turen over fjellet vart mange sjuke, og kapteinen måtte sende sju soldatar heim att. Ein av desse var Ola Alme frå Hafslo, som døydde noko seinare av strabasane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.04.2011