Hopp til innhold
X
Innhald

Malvin Moen

Malvin Moen fødd 1939 i Marifjøra. Skulemann og Arbeidarparti-politikar.

Malvin Moen fødd 1939 i Marifjøra. Skulemann og Arbeidarparti-politikar.

Lærareksamen Oslo off. lærerskole 1966, i tillegg grunnfag i spesialpedagogikk og historie. Lærar ved Årdal ungdomsskule 1966-1972. Lærar ved Luster ungdomsskule frå 1972, og frå 1985 rektor ved same skule.

Kommunestyremedlem sidan 1983 (dvs. 20 år fram til 2003) og leiar i Luster Arbeidarparti sidan 1988. Fylkestingsmedlem 1979-1991, derav åtte år i fylkesutvalet. Han var også gruppeleiar for Arbeidarpartiet i fylkestinget. Fylkesleiar i Arbeidarpartiet 1976-1978 og 1986-1988.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.03.2011