Hopp til innhold
X
Innhald

Mange futegardar i Luster

Hovudhuset på Fuhr. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hovudhuset på Fuhr. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På mange av dei beste gardane i Luster har det fram gjenom tida budd futar.

Futen Anders Lauritzøn Heiberg (d. 1630) var busett på garden Fuhr (For) like sør for Dale, men det året han døydde var han flytta til garden Talle litt lengre sør ved Lustrafjorden. Johan Hansson Rue kom frå Danmark og vart fut i Sogn i 1686. Same året kjøpte han storgarden Røneid i Gaupne og budde der til han døydde i 1696 - sjå: Handel og gjestgiveri på Røneid.

Frå 1853 var futen busett på Flahamar. 1685 busette Sogne-futen Johan Hansson Rue seg på Valaker, ein gard han eigde i Solvorn, men året etter flytta futen til ein annan gard som han eigde på Røneid i Gaupne. Sjå elles nedanfor om futane i artiklar om gardane Flahamar og Talle - og om det spesielle lenet eller futedømet i Dale prestegjeld.

Tunet på Røneid der fut  Johan Hansson Rue  busette seg. Foto: Arild Nybø, NRK.

Tunet på Røneid der fut Johan Hansson Rue busette seg. Foto: Arild Nybø, NRK.

Dale var eige len og futedøme

Fram til 1565 var heile Sogn samla i eitt len - dvs. den tids «fylke». Men dette året skilde den dansk-norske kongen ut Dale prestegjeld i Luster som eige len - med eigen lensherre.

Embetsgarden Flahamar

Like ved riksvegen mellom Høyheimsvik og Luster ligg eit vakkert, gamalt herskapshus frå 1700-talet, lunt skjerma av neset Skansen som stikk ut i fjorden. Dette er den gamle embetsmannsgarden Flahamar, der sjølvaste Ludvig Holberg ein gong i tida var huslærar.

Fute- og sorenskrivargarden Talle

Talle-garden ligg på vestsida av Lustrafjorden, og var frå 1630 futegard, og 1666-1690 og 1729-1746 sorenskrivargard i indre Sogn.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.03.2011