Hopp til innhold
X
Innhald

Modum Pels AS

Modum Pels AS i Åmot vart starta av Steinar Sviggum frå Hafslo i 1979. Verksemda starta som pelsberederi, men utvikla seinare produksjon av pelsklær og pelstøfler. Særleg vart ei saueskinnsjakke ein stor salssuksess. Verksemda i Åmot hadde opptil 15 tilsette.

Avdeling i Ytre Hafslo

I 1985 starta Modum Pels avdeling i Ytre Hafslo, der dei leigde lokale hjå Anders Fardal i eit par års tid før Sviggum bygde eige fabrikkbygg på 300 kvardratmeter på Heggmyrane i 1987. Her arbeidde på det meste 15 personar.

Sognepels leigetakar

Sviggum leigde etter kort tid ut verksemda til Sognepels AS, som ei tid hadde delproduksjon hjå Sogneprodukter AS i Vik.

Konkurs

Fabrikken på Hafslo gjekk konkurs etter fire års drift. Bygningen på Heggemyra vart seld til Einar Søhoel frå Hønefoss som ikkje makta å få i gang verksemd, og etter snøskadar vart bygget seinare rive.

Dreiv vidare i Åmot

Steinar Sviggum dreiv Modum pels i Åmot til 1989. Frå 2001 har han eigd og drive Solsæter Fjellstue ved Gol.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 21.03.2011