Hopp til innhold
X
Innhald

Mogens Jonson Skancke

Skancke skal ha fått laga ein hemmeleg gang frå prestebustaden (t.v.) til Dale kyrkje. Foto: Asle Veien, NRK.

Skancke skal ha fått laga ein hemmeleg gang frå prestebustaden (t.v.) til Dale kyrkje. Foto: Asle Veien, NRK.

Mogens Jonson Skancke (d. 1675) fødd i Innvik, busett i Luster. Prest. Han var son av den vidgjetne Jon Mogenson Schanke (Meister-Jo), som var prest i Innvik. Faren vart dømd for konemishandling og svartekunstar, og vart avretta i 1617.

Svarte-Mons

Mogens Skancke vart prest i Bergen før han tok kall i Luster i 1652, og fekk tilnamnet «Svarte-Mons». I Dale kyrkje fekk han rissa inn og måla ættevåpenet til Skancke-ætta i preikestolen og på ei glasrute: Dette ættevåpnet er ein ryttarstøvel med spore og kneskinne.

Hemmeleg gang

Det vert sagt at Skancke fekk bygt ein hemmeleg, underjordisk gang frå Dale-kyrkja til prestegarden like ved.

Her ser vi årstalet 1652, initialane til Mogens Jonson Skancke og våpenskjoldet i Gaupne gamle kyrkje. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Her ser vi årstalet 1652, initialane til Mogens Jonson Skancke og våpenskjoldet i Gaupne gamle kyrkje. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Åndemanar

På same vis som faren, vart det sagt om han at han hadde «Svarteboka». Med denne boka i hand seier segna at han kunne mane onde ånder ut av menneske. Såleis skulle han ha mana Satan bort frå både ei ung Lustra-jente og ein dreng i bygda.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 24.03.2011