Hopp til innhold
X
Innhald

Munthehuset til forfall og restaurering

Stoveinteriør i Munthehuset.

Stoveinteriør i Munthehuset.

Sist på 1980-talet tok kulturvernarar i Sogn opp arbeidet med å få sett i stand den historisk viktige bygningen - mellom desse journalist Wibeke Knagenhjelm og kultursjefen i Luster, Erling Bjørnetun.

Ein annan kjend kulturperson som ivra sterkt for å ta vare på det historiske huset, var filosofen Arild Håland frå Bergen. I samarbeid mellom Luster kommune, medlemer av Munthe-slekta, bonde og huseigar Nils Kroken og museumsfolk vart det skipa ei eiga stifting - «Stiftelsen Munthehuset i Ytre Kroken». Denne stiftinga gjorde avtale med Nils Kroken om å få overta huset, og i 1988 vart det sett ned ei prosjektgruppe.

Restaureringsarbeidet starta i 1995 og var fullført til Kulturminneåret i 1997. M.a. vart det dekt av vakre takmåleri i festsalane i 2. etasje, og den spesielle «Kongesalen» vart sett i stand og møblert som i gamle dagar. Denne vart nytta som gjesterom då kong Carl IV av Noreg-Sverige som kronprins vitja Kroken i 1856.

Les meir om Kroken - adelssete og kulturelt senter.

Munthehuset slik det tok seg ut i 2008. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Munthehuset slik det tok seg ut i 2008. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.03.2011