Hopp til innhold
X
Innhald

Musikklag i Luster

Gaupne skule- og ungdomskorps. Foto frå Lustra-nytt.

Gaupne skule- og ungdomskorps. Foto frå Lustra-nytt.

Luster Musikklag

vart skipa i 1930 etter opptak frå innflyttaren Julius Wågønes som arbeidde ved Lyster Sanatorium - Harastølen. Dette laget var forløparen til Dale skulemusikk som vart starta i 1974.

Dale skulemusikk

- sjå Luster Musikklag.

Fortun-Skjolden skulemusikk

vart skipa i 1961 etter opptak frå Fredrik Wessel Fredriksen som arbeidde for Årdal og Sunndal Verk (ÅSV) på kraftanlegget i Fortun. Ein annan tilsett ved anlegget, Karl Sørensen, vart ein dyktig dirigent den første tida.

Hafslo skule- og ungdomskorps

vart skipa i 1964 etter opptak frå heradsgartnar Magne Ahlin.

Gaupne skule- og ungdomskorps

vart skipa i 1966.

Jostedal Skulemusikk

vart skipa i 1975. Frå 1990 heiter korpset Jostedal skule- og ungdomskorps.

Livdtun skule- og ungdomskorps

på Indre Hafslo vart skipa i 1977.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.04.2011