Hopp til innhold
X
Innhald

Naturreservat i Luster

Hafslovatnet har sidan 1991 vore fuglefredingsområde. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Hafslovatnet har sidan 1991 vore fuglefredingsområde. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Utanom Jotunheimen nasjonalpark, Utladalen landskapsvernområde og Jostedalsbréen nasjonalpark finst det fleire naturreservat i Luster:

Hafslovatnet fuglefredingsområde

vart skipa i 1991. Hafslovatnet har eitt av dei viktigaste beite- og overvintringsområda for vade- og sjøfuglar i Sogn. I alt er det registrert 51 artar. Ei mengd sjeldne fuglar som m.a. trane nyttar vatnet som rasteplass under vår- og hausttrekket.

Bargarden naturreservat

er eit område i Kvålslia der eit spesielt område med såkalla kalkfuruskog er verna. Dette er ein svært sjeldan art på Vestlandet, og vert rekna mellom ”urbarskogen” som breidde seg over landet etter istida.

Yngsdalen ligg 300 høgdemeter over Veitastrondvatnet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Yngsdalen ligg 300 høgdemeter over Veitastrondvatnet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Yngsdalen naturreservat

vart skipa i 2004 og er eitt av dei største myrområda under skoggrensa i indre Sogn.

Nigardsbreen naturreservat

er på 28 kvadratkilometer og vart skipa i 1985. Det grensar opp til Jostedalsbréen nasjonalpark.

Nigardsbreen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Nigardsbreen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Luster Almenning naturreservat

vart skipa i 2005 og dekkjer store delar av fjordsida langs Lustrafjorden frå Solvorn og sørover. Området har spesiell verneverdi fordi almenningen stort sett har vore fri for tekniske inngrep og har eit mangfald av naturtypar og økosystem.

Den fråflytta garden Skophamar ved Lustrafjorden er ein del av Luster Almenning naturreservat. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Den fråflytta garden Skophamar ved Lustrafjorden er ein del av Luster Almenning naturreservat. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Freda høgdegard

I 2011 vart høgdegarden Ormelid med hus, innmark og utmark freda. Garden ligg 450 meter over havet i Fortundalen, og det har vore drive jordbruk der i 4000 år.

Ormelid gard. Foto: Arne Holsen, NRK.

Ormelid gard. Foto: Arne Holsen, NRK.

Frå markeringa av at Ormelid er freda. Foto: Arne Holsen, NRK.

Frå markeringa av at Ormelid er freda. Foto: Arne Holsen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.08.2011