Hopp til innhold
X
Innhald

NTP Gandrudbakken AS

Avery Dennisson NTP i Gaupne. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Avery Dennisson NTP i Gaupne. Foto: Ottar Starheim, NRK.

NTP Gandrudbakken AS vart starta i Gaupne i 1988 av Atle Gandrudbakken frå Bergen.

NTP Gandrudbakken AS vart starta i Gaupne i 1988 av Atle Gandrudbakken frå Bergen.

Verksemda har spesialisert seg på trykking av merke på tekstilar og konfeksjon, og vekte m.a. merksemd då dei i 1999 sikra seg kontrakt på levering av fotballdraktene til Premier League i England, og seinare til FC Barcelona.

Kraftig vekst

NTP starta med fire tilsette i eit kommunalt næringsbygg, men overtok i 1999 dei tidlegare lokala til tekstilverksemda Synfiber A/S på 4.000 kvadratmeter. I 2002 hadde verksemda ei omsetning på 42 millionar kroner og 80 tilsette. Innan 2005 reknar ein med å auke til 100 tilsette i Gaupne.

Atle Gandrudbakken. Foto: Asle Veien, NRK.

Atle Gandrudbakken. Foto: Asle Veien, NRK.

Produksjon i utlandet

Produksjon i utlandet

I åra fram til 2002 starta NTP Gandrudbakken også lisensproduksjon i Sverige, Portugal og New Zealand.

Selde til storkonsern

I 2002 selde Atle Gandrudbakken verksemda si til det amerikanske storkonsernet Paxar som har over 40 fabrikkar og verksemd i 75 land, mellom 7000 og 8000 tilsette og ei omsetning på 700 millionar dollar (2002) i året. Etter samanslåinga har verksemda i Gaupne også fått lisensproduksjon på produkta sine i USA og Kina. I 2007 vart Paxar kjøpt opp av det verdsomspennande Avery Denisson-konsernet med over 34.000 tilsette i over 70 land. Namnet på avdelinga i Gaupne er Avery Dennison NTP.

I 2012 fekk verksemda i Gaupne ansvaret for utviklingsarbeidet i Avery Dennison-konsernet. Dette fører til fleire arbeidsplassar i Gaupne, der det i 2012 er 108 tilsette.

Gandrudbakken ut av verksemda

I 2013 måtte grunnleggaren av verksemda i Gaupne, Atle Gandrudbakken, gå etter usemje med dei amerikanske eigarane.

Frå produksjonen i Avery Dennison NTP. Foto: Lustranytt.

Frå produksjonen i Avery Dennison NTP. Foto: Lustranytt.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.11.2013