Hopp til innhold
X
Innhald

Nye Luster Mekaniske Verksted

Luster Mek. Verkstad i Luster vart starta i 1934 av Olav Bondevik og Lars Aaberge. Dei dreiv bilverkstad og selde bensin og andre oljeprodukt og sysselsette inntil fire mann.

Sonen til Olav, Einar Bondevik, overtok og dreiv fram til slutten av 1997. Einar Bringe tok over og dreiv i eit par år til Esso la ned bensinstasjonen i Luster.

Kjøpmann Øystein Høyheim (sjå også: Døsen landhandel) skipa då Nye Luster Mekaniske Verksted og heldt fram med drifta.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.06.2008