Hopp til innhold
X
Innhald

Oddbjørn Bukve

Foto: Arild Nybø.

Foto: Arild Nybø.

Oddbjørn Bukve fødd 1951 i Jostedal, busett i Sogndal. Professor i organisasjonsvitskap. Mag. art. i administrasjon og organisasjonsvitskap 1977 frå UiB. Dr. philos. 2001.

Førstesekretær ved Sogn og Fjordane distriktshøgskule 1977-1979, forskingsstipendiat ved NAVF i 1979, amanuensis (vikar) ved Sogn og Fjordane distriktshøgskule 1979-1980, utgreiings- og likestillingskonsulent ved Sogn og Fjordane fylkesarbeidskontor 1980-1981, forskingsleiar (prosjekt) ved Finnmark Distriktshøgskole 1981-1983, forskar ved Norsk Institutt for by- og regionforsking 1983-1986, førsteamanuensis ved Sogn og Fjordane distriktshøgskule 1986-1991, forskar og forskingsleiar 1988-1997, høgskuledosent II ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF) 1995-1997, forskar i bistilling ved Vestlandsforsking 1997-2001, førsteamanuensis i org. og adm.vitskap ved HSF 1997-2002, og professor i dei same faga ved HSF frå september 2002.

Publikasjonar

Har gjeve ut ei rad vitskapelege publikasjonar, og har m.a. vore gjesteprofessor ved Hokkai Gakuen Universitet i Japan i 2003.

Politikar

Har elles m.a. vore kommunestyre- og formannskapsmedlem i Sogndal 1991-1995, styremedlem i Vestlandsforsking 1986-1987, styreleiar i Breheimssenteret 1989-1994, styremedlem og leiar i anleggsutvalet i Sogn og Fjordane skikrins frå 1998 - og landsstyremedlem og fylkesleiar i Human-Etisk Forbund frå 2003.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.03.2011